Er ei godt vaksen kvinne som i alle år har hatt tilbakevendende mareritt der eg aldri blir ferdig med ting eg held på med. Mange ting har gått feil i livet mitt, eg har hatt store tragedier, og på grunn av uoppdaga hemning (i mild grad), har eg mislyktes i elementære fag på skulen. Eg gjekk frå topp til bunnkarakter i eitt fag på grunn av ein ny lærer som eg ikkje høyrde kva sa. Ting klaka på seg. Eg kom inn i ein ond malstraum og fekk ikkje fullført. «Alt» stopper opp. Er det noko von for meg? Kan eg komme ut av dette – og få fullført for eksempel ei utdanning eg no ynskjer å kunne ta?